Midtøsten-torget - Norges største Israel-nettbutikk

Din Handlekurv er tom.

"Jødefolket inntar en særstilling"

"Jødefolket inntar en særstilling"

Bli den første som omtaler dette produktet

Vanlig pris: kr 398,00

Spesialpris: kr 199,00

Delbetale fra kr 12,00/per måned

Total kredittkostnad: kr 1 326,00

ELLER

"Jødefolket inntar en særstilling"

Dobbelklikk på bildet for å se det i full størrelse

Zoom ut
Forstørre

Flere visninger

Detaljer

Norske haldningar til jødane og staten Israel.
Av Karl Egil Johansen.


Omtale:
Fredag 14. mai 1948 samla ein flokk menneske seg i ein gamal museumsbygning i Tel Aviv. Møtestaden var hemmeleg til like før møtet, og vindauga blenda av frykt for flyangrep. Alle visste kva som skulle skje. Presis klokka 17.00 reiste forsamlinga seg og song den jødiske nasjonalsongen. Deretter las statsminister i den nydanna provisoriske regjeringa, David Ben Gurion, opp proklamasjonen om opprettinga av staten Israel. Dokumentet vart underteikna straks han var ferdig, og heile samlinga varte ikkje meir enn ein halvtime. Ben Gurions sluttord var: ”Staten Israel er oppretta. Møtet er over.”

Dette er ei bok om norske haldningar til jødane og staten Israel i dei 60 åra som har gått. Viktigaste innfallsvinkelen er avisene. Frå ei usikker og reservert haldning i starten gjekk utviklinga hurtig i proisraelsk retning. Ikkje minst kom sympatien til uttrykk i Arbeiderbladet, organ for det regjerande Arbeidarpartiet, og i Dagbladet, som mange intellektuelle såg som ”si” avis. Den positive haldninga varte ved til byrjinga av 1970-åra. Opinionen følgde etter, og ingen land i Europa var meir israelsvennlege enn Noreg i denne perioden. Seinare snudde stemninga. Særleg etter Libanonkrigen i 1982 gjekk vennskapen etter kvart over i uvilje og kritikk mot den jødiske staten inst i Middelhavet.

Det same kjem fram i lærebøker i historie for grunnskolen, som er eit anna viktig tema i boka. Ei jamføring med tyske lærebøker syner at norske lærebokforfattarar i større grad enn dei tyske har vore påverka av opinionsendringar. I nokre tilfelle verkar det nesten som om det politiske korrekte har hatt forrang framfor det historiefaglege. Analysen av haldningane blant kristenfolket, som utgjer siste delen i boka, viser at også delar av kristenfolket har vore sterkt påverka av verda omkring. Haldningane blant kristenfolket har likevel vore svært samansette, frå dei som har kjent ein ”åndelig kvalme” overfor jødane og religionen deira, til dei som har sett opprettinga av staten Israel som ei mektig oppfylling av dei bibelske profetiane.

Karl Egil Johansen er professor i historie ved Høgskolen i Bergen, der han har vore tilsett sidan 1994. Før dette arbeidde han mange år i folkehøgskulen og som oppdragsforskar. Han har skrive ei rekkje bøker og faghistoriske artiklar, særleg om fiskerihistorie og kystkultur, men også om tema som er aktuelle i denne boka.

Utgiver:
Portal Forlag

Forhandler på Midtøsten-torget:
Knut A. Høyer Bokhandel, Arendal.

Produkttagger

Andre merket produktet med disse taggene:

Bruk mellomrom for å skille tagger. Omgi setninger med apostrof (').